English ver. coming soon 
SØR/ØST-NORGE
VEST-NORGE
MIDT/NORD-NORGE


Overnattingsguide
  • Sør/Øst-Norge
  • Vest-Norge
  • Midt/Nord-Norge
  •  
    Museumsguide
  • Sør/Øst-Norge
  • Vest-Norge
  • Midt/Nord-Norge
  •  
    Siste nytt
    Om oss
    Kontakt oss


     

    KOM TIL RAULAND I VINTER !

    Europas største kjelketrekksenter heiter Vierli

    Lenge sidan du hadde det gøy? Vel, her kjem ei anbefaling vi trur du lett kan falle for.

    For på Vierli Vinterland i Rauland hektar du kjelken til skiheisen berre for å kunne ake 1000 meter ned igjen. Heile tre kjelkenedfartar og ni skinedfartar fristar vi med. I Europas største kjelketrekksenter, Vierli Vinterland, kan du leige kjelke og nødvendig tryggleiksutstyr, og du får grundig opplæring om du ynskjer det. Kjelkane er spesialkonstruerte for skiheisen og blir hekta på og dregne til topps. På toppen er det berre å sleppe seg utfor ein av dei tre traseane, som er opptil 1000 meter lange. Farten styrer du sjølv og kjelken er utstyrt med gode bremser. Det blir arrangert kveldskøyring med kjelke og pannelykt. Skiaktivitetane inkluderer både snowboard, off-pist og alpint der også barna kan få utfolde seg. I barneområdet kan ein nemleg kjøpe opplevingskort som inkluderer aktivitetar som trampoline, hoppeslott, kuleløype, miniscooter, aking med meir. Andre aktivitetar du kan vere med på på Vierli, er mating av reinsdyr, snøscootersafari, snøtrekkrafting og snøskooterkøyring på bane for vaksne og barn.


    Rauland fristar med hundekøyring

    Spenn fast ein 8 –10 huskyar, skrik "husj" til krampa tek deg og bli med på noko så uforgløymeleg som ein tur med hundeseledar. På Rauland har vi lagt opp til organiserte turar med hundesledar, døgnet rundt. Du kan velje alt frå timestur, kveldstur og halvdagstur. Etter turen er det grilling av pølser og varm drikke i lavvo.

    Rauland Booking
    20 % rabatt på 3-7 dagars felles heiskort

    (Rauland Skisenter, Raulandsfjell Alpinsenter og Vierli Skisenter og Vinterland) ved bestilling av midtveke og vekesopphald i veke
    1-6 og 13-16.
    Tilbodet gjeld ved bestilling av overnatting gjennom Rauland Booking på tlf. 35 06 26 00 eller info@raulandbooking.no

    Aktivitetsprogram og arrangementskalender ligg ute på våre heimesider www.rauland.org

    Pressemelding frå Rauland Turist AS
    Tlf 35 06 26 30. Faks 35 06 26 31. E-post: info@rauland.org Internett: www.rauland.org

     

    Heggelund Media

     
    Telefon: 32 77 98 10 - Faks: 32 77 98 11 - E-post: post@touristmagazine.com