English ver. coming soon 
SØR/ØST-NORGE
VEST-NORGE
MIDT/NORD-NORGE


Overnattingsguide
  • Sør/Øst-Norge
  • Vest-Norge
  • Midt/Nord-Norge
  •  
    Museumsguide
  • Sør/Øst-Norge
  • Vest-Norge
  • Midt/Nord-Norge
  •  
    Siste nytt
    Om oss
    Kontakt oss





    Båtreisa til isbreen

    For 20 000 år sidan dekka isen det meste av Nord-Europa, men så steig temperaturen, isen smelta og området blei isfritt. For 5 000 år sidan blei det kaldare igjen og Jostedalsbreen, den største breen på det europeiske kontinent, blei "født" på ny. Fjærland er kjent som bygda der Sognefjorden møter Jostedalsbreen. Supphellebreen i bygda ligg berre 60 moh.



    I bygda finn du òg Norsk Bremuseum som e
    r eitt av dei mest levande musea i Europa. Der får du m.a. svar på kvifor isen er blå og korleis fjordane blei til. Du kan òg sjå den eineståande panoramafilmen frå Jostedalsbreen og eksperimentere med 1000 år gamal is i museet som er designa av den prisløna arkitekten Sverre Fehn.

    For 140 år sidan starta Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane båtrute på Fjærlandsfjorden. I dag tek bilferja Fjærlandsfjord deg med frå Leikanger, Vangsnes og Balestrand til Fjærland. Ekspressbåten frå Bergen korresponderer med ferja i Balestrand.

    Fjærlandsfjorden reknast som ein av dei vakraste fjordarmane i fylket. Langs fjorden ligg bygder og gardar som monument over tidlegare tiders kamp for tilværet. I dag er dei fleste fråflytta. Reiser du utan bil står bussar på ferjekaien i Fjærland klår til å ta deg til Norsk Bremuseum og til breane.



    Norsk Bremuseum
    Tlf: 57 69 32 88
    Faks: 57 69 32 87
    [www.bre.museum.no]


    Fjord1 Fylkesbaatane
    Tlf: 57 75 70 00
    [www.fylkesbaatane.no]

    Foto: Finn Loftesnes

     

     

    Heggelund Media

     
    Telefon: 32 77 98 10 - Faks: 32 77 98 11 - E-post: post@touristmagazine.com