English ver. coming soon 
SØR/ØST-NORGE
VEST-NORGE
MIDT/NORD-NORGE


Overnattingsguide
  • Sør/Øst-Norge
  • Vest-Norge
  • Midt/Nord-Norge
  •  
    Museumsguide
  • Sør/Øst-Norge
  • Vest-Norge
  • Midt/Nord-Norge
  •  
    Siste nytt
    Om oss
    Kontakt oss



    Hardanger
    – "Noregs største fruktkurv"



    «Endelause trekoloniar blomstrar i jomfrueleg kvit og sart rosa». «Fargeprakten gjør enda sterkare inntrykk mot panoramaet av beksvart fjordvatn, grå og bratte fjellveggar og snødekte fjelltoppar». Slik beskriv journalisten Matthias Huthmacher fruktblomstringa i Hardangers i tyske Der Spiegel.

    Det behagelege, milde klima og dei klare, ljose sommarnettene i Hardanger gjev ideelle vilkår for frukt og bær - og alle gjestene. Går ein opp i høgda kjem ein til Hardangervidda, det største høgfjellsplatået i Nord- Europa. To av dei største breane i Noreg med evig snø og is ligg i Hardanger. Frå bre og høgfjell kastar fossane seg ned mot dronninga av fjordane - Hardangerfjorden.

    Både breane, fjellet, bygdene og fjorden innbyr til et mangfald av aktivitetar. Sjølve Hardangerfjorden kan ein oppleva på sitt beste på eit større eller mindre fjordcruice - med båt, ferje,
    yacht, seglskute eller gjerne i ein liten fiskebåt. Alle kommunane i Hardanger byr på utallige gjeremål, og du kan nyta rolege dagar i denne praktfulle naturen. Nedanfor finn du tilboda i nokre av kommunane. Du vil trenge lang tid for å få med deg alt - men til Hardanger kan du koma att år etter år og stadig finna noko nytt.


    EIDFJORD
    – eit fjord-, dal- og fjelleventyr


    - Hardangervidda – Nord-Europas største høfjellsplatå
    - Vøringsfossen – Norges mest kjende fossefall
    - Trolltoget – på den gamle vegen opp Måbødalen
    - Hardangervidda Natursenter Eidfjord – Eit natur- og kulturhistorisk opplevingssenter
    - Sima Kraftverk – Norges største kraftverk
    - Kjeåsen – fjellgarden som ligg som eit ørnereir i fjellsida
    - Måbødalen; Måbø gard / kulturlandskapsmuseum
    - Sysendammen
    - Galleri Nils Bergslien v/Quality Hotel Vøringfoss

    Eidfjord Kommune
    Tlf.:   53 67 35 00
    Faks: 53 67 35 75

    [www.eidfjord.kommune.no]



    JONDAL - mellom fjord, fjel
    l og fonn

    - Folgefonn sommarskisenter
    - Fantastiske brevandringar med breførar
    - Flott turterreng i skog og fjell
    - Jondal sentrum med godt bevart sveitserhusmiljø
    - Flotte kulturopplevingar i Herand med kultursti, elvemiljø med oppgangssag og kvernhus og helleristningar.


    Velkommen til Jondal i Hardanger!

    Jondal Turistkontor, 5627 Jondal

    Tlf.    53 66 85 31
    Faks: 53 66 81 01
    jondal.tourist@sensewave.com



    ODDA
    - kulturkommunen


    Odda er Kulturkommunen i Hordaland og har 7550 innbyggjarar. Her finn du flott og lett tilgjengeleg natur heile vegen frå fjord til fjell og fonn. Odda er eit regionsenter i Hordaland med store kraftforedlande industribedrifter og eit rikt nærings- og kulturliv, norsk industri- og vasskrafthistorie i Tyssedal og pilegrimshistorie i Røldal.

    Adr.: Odda kommune, Opheimsgata 31, 5750 ODDA
    Tlf.: 53 65 40 00
    [www.odda.kommune.no]
    [www.visitodda.com]


    KVAM – nærare enn du trur!

    - Ein times tid frå Bergen
    - Bygdesentra: Norheimsund, Øystese, Ålvik og Strandebarm
    - Store naturattraksjonar: Tokagjelet, Steinsdalsfossen, Gullfiskvatnet,
    Fyksesund/Botnen
    - Museum: Hardanger Fartøyvernsenter, Ingebrigt Vik
    - Ny golfbane, gjestehamn og miljøgate
    - Fleire hotell, mange hytter og andre tilbod

    Kvam reiselivskontor, Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
    Tlf. 56 55 59 10
    [www.kvam-reiselivskontor.no]


    [www.hardangerfjord.com]


     

    Heggelund Media

     
    Telefon: 32 77 98 10 - Faks: 32 77 98 11 - E-post: post@touristmagazine.com