|
 Sognefjorden
- verdas lengste fjordeventyr!N orske Fjordar – beste
reisemålet i verda, kåra av National Geographic Traveler. Sognefjorden ligg midt
i Fjord Noreg og strekkjer seg 204 km frå ytterst i havgapet og heilt inn til
foten av Jotunheimen og Jostedalsbreen. Her finn du noko av det vakraste og
villaste i Noreg.
VIK - Kulturminne – Jordbrukslandskap – Fiske
Vikøyri ligg som ei perle i ei frodig jordbruksbygd. Naturen
omkring er vill og
dramatisk. I Vik finn de kulturminne som Hopperstad stavkyrkje, statua av
Fridtjov den Frøkne på 22 meter, og Hove steinkyrkje. Andre attraksjonar er
Kristianhus båt- og motormuseum, Julehus og galleri, og utsal av gamalost og
osterestaurant. Vik Meieri er einaste staden i verda der denne norske
tradisjonsmaten stadig vert produsert. Du kan fiske etter aure og laks i elvar
og vatn, og vandre og gå på ski i Stølsheimen og Vikafjellet.
Meir informasjon: Sognefjord Reiseliv.
BALESTRAND
Kunst – Kultur – Natur
Den flotte naturen lokka tidlig kunstnarar, keisarar og andre reisande til
området. Ved Balestrand strekkjer fleire fjordarmar seg inn mellom høge,
snødekte fjell. Ein av dei er Fjærlandsfjorden, og ferjeturen frå Balestrand til
Fjærland er ei flott oppleving. Andre opplevingar du bør få med deg frå
Balestrand er: tur langs sveitservillaer og andre kulturminner, besøk på
Sognefjord Akvarium, St. Olafs kyrkje med anglikanske messer, og vandring i
fjella, med eller utan guide.
Meir informasjon: Sognefjord Reiseliv.
LEIKANGER

- Godt klima – Historiske røter - Administrasjonssenter
Sørvende Leikanger er kommunen i Noreg med høgaste gjennomsnittstemperatur i
året. Dei eksotiske plantene som vart sette ut i Prestegardshagen på slutten av
18oo-talet for å undersøka dei gode klimatilhøva, veks framleis. Sjå Skrivareiki
som er over 250 år. Kvinnafossen i flaumvassføring om våren er og ein
attraksjon. Henjatunet kan visa til 4000 år lang historie etter mektige og rike
folk. Baldersteinen i Husabø er og eit bevis på historien her. Leikanger har
vore administrasjonssenter i over 150 år, og her ligg fylkesadministrasjonen og
Vegvesenet sitt regionkontor for Vestlandet.
Meir informasjon: Sognefjord Reiseliv.
SOGNDAL
Sogndal er regionsenteret ved Sognefjorden med 6.600 innbyggjarar. Sogndal
kommune er sentralt plassert i høve til fjell, fjord og brear. Dette gjær at dei
om sommaren er vertskap for turistar frå alle verdshjørne som let seg fascinere.
Med om lag 1500 gjestesenger ved hotell, pensjonat, hyttegrender og
campingplassar er kommunen også vertskap for større konferansar.
Fjærland - fjord og bre
I Fjærland strekkjer Jostedalsbreen seg ned til 60 moh, og her finn de og Norsk
Bremuseum og Den norske bokbyen.
Meir informasjon: www.fjaerland.org
www.sognefjord.no
Velkommen til AURLAND
Aurland er eit populært reisemål med eit dramatisk naturlandskap. Med bil, buss,
tog eller båt har du lett tilgjenge til den fantastiske naturen i Aurland, Flåm,
Gudvangen og Undredal.
Dei største attraksjonane: Nærøyfjorden, Flåmsbana, Aurlandsdalen, Aurlandsvegen,
Undredal stavkyrkje, Vangen kyrkje, Rallarvegen, Otternes Bygdetun og
Lokalhistorisk senter med Galleri Vinjum. Aktivitetar: Fot- og sykkelturar,
padling og fjordsafari. Spesialitetar: Aurlandsko og ekte geitost.
Turistinformasjon: [www.alr.no]
Tlf.: 57 63 33 13
LÆRDAL
Lærdalsøyri er kjent for sitt vakre gamle sentrum med 160 verneverdige trehus,
der du finn kunstgalleri, husflid, antikk og spennande arrangement og
aktivitetar. Sommaren sitt høgdepunkt er Lærdalsmarknaden, som i år finn stad
18. – 20. juni. På Lærdalsøyri finn du også Norsk Villakssenter –
opplevingssenteret med fiskesimulator, akvarium og prislønt film! Midt mellom
mange historiske vandrevegar ligg Borgund Stavkyrkje (1180) – den best bevarte
stavkyrkja i Norge!
[www.laerdal.kommune.no]
[www.alr.no]
Velkommen til LUSTER
Lustrafjorden er den inste delen av Sognefjorden, og herifrå har du
panoramautsikt mot Feigumfossen, med 218 meter fritt fall. Sognefjellet,
Nord-Europas høgaste fjellovergang, er for mange første smakebiten av Luster når
du kjem frå Gudbrandsdalen og Lom. Her finn du eit storslått utsyn mot dei
mektige tinderekkjene Hurrungane i Vest- Jotunheimen, med 24 toppar over 2000
meter. Frå den enorme Jostedalsbreen greinar kjende brearmar seg ned mot
Jostedalen. Den Norske Turistforening har mange merka ruter både i Breheimen og
Jotunheimen.
Tlf.: 57 68 55 00
[www.lustertourist.com]
ÅRDAL
– innerst i Sognefjorden
Årdal er porten til Jotunheimen frå vest. Innover langs fjorden, eller over 2
mektige fjellovergangar, er turen til tettstaden ei oppleving. Fjellvegen Årdal
– Turtagrø, "Tindevegen", knyt Årdal til Sognefjellsvegen. Området byr på ei
mengde opplevingar i ein mektig og dramatisk natur. Årdal er og kjend for sine
flotte oppvarma friluftsbad, og du kan vitja gamle gardar og kulturskattar, få
servering, overnatting og guiding, som ved kulturperla Indre Offerdal. Eller
velja mellom mange fotturar på godt oppmerka turstiar.
UTLADALEN
Omtala som Noregs Grand Canyon. Ein viktig del av Årdal er Utladalen
landskapsvernområde. Unik natur, omkransa av eit femtitals høge tindar over 2000
m, djupe dalføre og høge fossefall. Her finn du Vettisfossen som er Nord-
Europas høgste frie fossefall, heile 275 m. Her er Hjellefossen og Avdalsfossen,
Avdal gard og Vetti gard. I Naturhuset er det utstilling, T-info og kafé.
Meir informasjon:
SOGNEFJORD REISELIV
Pb 53, 6898 Balestrand
Tlf.: 57 69 16 17
Faks: 57 69 14 31
[www.sognefjord.no]
e-post: reiseliv@sognefjord.no
Foto: Magnhild Aspevik
Vettisfossen - Norges og Nordeuropas høgste frie fossefall på heile 275m!
Informasjon, tlf.: 57 66 30 10
[www.ardal.no]
E-post: [aardalaa@online.no]
Opplev Utladalen - Opplev Årdal - Opplev Sogn













|
|
Heggelund Media
|